Shopping cart

Michael Forbes Olderøy til topps i RT 5 i 2. div. og Stian Larsen vann 1. div. laurdag.

Michael er ein "gammal" storspelar frå USA. Etter å ha budd i Norge i nærare 20 år, har han no funne vegen til Hyllestad for å ta opp att sporten. Etter nokre månader med trening gjekk han i dag til topps i RT 5.

I finalen møtte han Sivert Offerdal Lien som vann førre runde. Sivert ga Michael betre motstand enn det resultatet tilseier (0-4), men som sagt Michael er ein gammal luring og klokt "safespel" betalte seg i dei avgjerande situasjonane.

Lars Emil Siljander og Hedda Mirzai kom på 3. plassane. Lars Emil tapte med knappast muleg margin, 3-4 mot Sivert, i ein spennande semifinale. Han synte m.a.o. at det er fleire som er kapable til å stikke av med sigeren i 2. divisjon. Det kan fort bli Lars Emil som jublar høgast etter neste RT. Det er små marginar som avgjer, og han har absolutt nivået inne.

Hedda fekk også vist at ho har trent godt og hatt fin framgang. Dei innleiande kampane vann ho overbevisande og ho ga Michael god motstand i semifinalen. Hedda satsar skikkeleg og ho har som mål å bli aktuell på landslaget i løpet av våren. EM til sommaren er det store målet hennar. 7. - 9. februar skal ho delta på NM for kvinner i 10 ball og 14.1. Den turneringa går på Os og Hyllestad stiller med 3-4 jenter i tillegg til Hedda.

 

Resultat:

RT 5 - 1. divisjon:

1. Stian Larsen - Kong Oscar Biljardklubb

2. Rudi Andre Wolff - Hyllestad

3. Bernt Olav Lundetræ - Os Biljard & Snookerklubb

3. Nina Torvund - Hyllestad

Komplett resultatliste

RT 5 - 2. divisjon:

1. Michael F. Olderøy - Hyllestad

2. Sivert Offerdal Lien - Hyllestad

3. Hedda Mirzai - Hyllestad

3. Lars Emil Siljander - Hyllestad

Komplett resultatliste 2. div. 

 

RT 6 blir arrangert på Os 6. - 8. mars.

Published Feb 16, 2020

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment