Endeleg var det atter klart for turnering i 8 ball, taktikerenes favoritt spill. I eit for anledningen fullt felt, var spaninga stor om kven som ville drage lengste strået i kveldens batalje. Ville unge Robin vinne si andre på rad, eller ville ein av dei meir garva drage nytte av årelong erfaring å cruise inn i einsleg majestet. Våre to talentfulle team Norway utøvere ville nok også ønske å ha ein finger eller fem med i spelet her. Sjeldan har det nok vore større usikkerheit rundt dette spm enn i kveld.
I fyrste runde var det ingen store skrellar å nevne, favorittane i kvar av matchane gjorde sakene sine godt. Publikum blei derimot snytt for rundens godbit, veteran og gjerrigknark oppgjeret mellom Jan Ove og Øystein blei kun til at sistnevnte måtte melde forfeit pga at shoppinga på moa blei for omfattande. Så Ø måtte dermed via taparsida.
I neste runde måtte Robin, bror til Henrik, lide for at ein særs spelesugen Jan Ove, ikkkje villle sleppe ungguten til. 6-4, J O til kvart, R til taperkvallik.
Neste Match i vinnerkvallik var Daniel mot Jonas, på papiret ein vidåpen kamp. Jonas starta forrykande og leia 4-0 etter kvarteret. Etter dette bremsa oppgjeret kraftig opp, men til slutt kunne Jonas puste letta ut etter 6-3 siger.
Kamp 3 var også ein kamp som kunne bikke begge vegar. Edvin og Even starta utifrå hcp begge på 3. Kampen blei aldri så spennande som utgangspunktet skulle tilsei. 6-3 favør onkel Edvin.
Siste duell i vinnerkvallik skulle stå mellom Maron (3) og Henrik (2) altså far son her. Ville det endeleg bli eldste mann i Hauge Pettersen huset som kunne glise breidast, eller unge håpefulle som dei fleste gonga før? Ingen skrell her heller, dei unge er fortsatt yngst.
På tapersida fekk Øystein utløp for frustrasjonen som blei bygd opp på Moa, det var Roger Daniel som fekk smake pisken og blei detronisert med 6-4. R D måtte slukøret ta plass i tribunene, men var meget snart tilbake i vanlig humør.
Alex fekk ein etterlengta opptur og levna aldri nokon tvil om kva vei kampen skulle tippe . Knuste Trond Vidar 6-4, og dermed snipp snapp for ein av haustens store formspelarar.
Tond B mot Preben to karar som ofte har meir inne enn kva dei får ut i kamp, kven som ville finne beste flyten var vanskeleg å spå på forhånd. Det skulle vise seg at 80 talls triksa til Bendal skulle bli avgjerande , 6-4 å tidlig kveld for Prebz.
Og til sist turneringens to grand old men, Bjarne mot Geir, i utgangspunktet klart favorittstempel her, men kulene er fortsatt runde. Fysikk får vere fysikk, aldri tvil om at Bjarne skulle drage i land denne, 6-4. Geir får reise heim og suge på karamellen frå forrige turnering då han kapra andre plassen.
Klare for kvart var allereide Jan Ove , Jonas , Edvin og Henrik. No skulle tapar kvalliken avgjere hvilke 4 som skulle slå fylgje inn i enkelcupen.
Øystein-Maron, Her blei sandsokningen for sterk og drog sigeren i land 6-3
Sambuarane Alex og Even, her må nok Even belage seg på ei natt ute etter 6-4 siger. Alex mumla iallefall noko om å skifte lås då han rømte lokalet.
Daniel- Trond, eit av dei mest spelte oppgjera dei siste 3 åra, utfall likevel uvisst. Seigaste kampen i kveldens turnring, by far, men etter 532 gjesp rundt i lokalet kunne vi endeleg trekke kvarten då Daniel vann 6-5
Og Robin skulle gjere opp mot Bjarne. Kva ville 55 års alderskilnad ha å seie for utfallet? Begge var nok begynt å klø i augene no når klokka var bikka halv 9. Bjarne klødde berre på rette auge, so seier 6-4 til han.
Trekning kvartfinaler blei sjåandes slik ut:
Jan Ove -Daniel, 6-2
Maron -Jonas 4-6
Bjarne -Edvin 3-6
Even - Henrik 5-6
Even var oppe 5- 3, men Henrik kom tilbake til hill hill. Her kllarte imidlertid Even å halde haudet kaldt, og trilla fint ut alle ballane. Sterkt sisteparti av Even, godt jobba
Etter rapportane spelte også Edvin godt i sin kamp, her kan nok mykje tilskrivast den lisje vibrerende saken han fekk i julegave av kona.
Dermed klart for semi mellom Edvin og Even, kan Even revansjere tapet fra tidligere i turneringa her, eller blir farbror Edvin for sterk igjen?
Jonas vann en thriller mot Maron, 6-4. Nok eit familie oppgjer i semien då Jonas og Jan Ove blei satt opp mot kvarandre.
Even klarer å slå Edvin 6-5, hill hill king of tonight
Jan Ove og Jonas held fylgje til 3-3, men då får eldstemann Kvalsund Hansen bluss på lampen og spelar ut 3 parti på 123
Finala blei ei heller laber affære, men Jan Ove kunne til slutt inkassere ein grei 6-4 siger, og ein særs etterlengta turneringsseier
Takk for i dag :)