Shopping cart

Treningssamling i Hyllestad

Gjengen som var på samling. For ei flott gruppe.

 

 

 

Den 27/7- 30/7 hadde Hyllestad Biljard gleden av å få utøve treningssamling for nokre lokale ungdommar, som på vegne av forbundet og Vegar Kristiansen har teke ut til treningssamling.

Desse dagar besto av intense treninga på både nytt og gamalt. Det var også mange kjende namn, der desse ungdommane har vore med før, medan ein også hadde ein god gjeng nykommarar til treningsamlinga. 

Desse var utrekt til samling: 

Eirik Tonning Hatløy
Gard Eiken Flage
Nina Skresholdt Torvund
Astrid Eiken Flage
Oliver Wolff
Viljar Glavær Akse
Jarle Tonning Hatløy
Benjamin Aralden
Sivert Offerdal
Jardar Kjos
Malin Oppedal
Dana
Aron Pedersen
Lars Emil Siljander

Denne flotte gjengen med biljardlystne spelarar fekk god trening av Vegar Kristiansen desse dagar. Vi i styret tykkjer det er kjekt å sjå at fleire i klubben har utmerka seg. 

Etter ein kort samtale med gjengangaren Nina Torvund så er me heldige å få litt innsikt i kva som føregjekk dei dager. 

Nina tykkjer at etter denne lange pausen så var det kjekt å kunne spele biljard på denne måten igjen. Ho fortel vidare at det også er lettare å komme i gang igjen når ein møte opp på ei slik samling. 

Nina er blant dei som frå før av har god trening innanfor biljardsporten, treningssamlinga gjekk dermed med til å repitere og finpusse det ein allereie har lært, samt fekk ho i lag med resten av gjengangarane øve mykje på matching, noko ho tykkjer var veldig kjekt. 

Vidare nemner Nina at ho synest det er kjekt og bra å sjå at dei yngre fekk vere med, dette på bakgrunn av glede for andre spelarar og at treninga gjev nytte til dei yngre no skal byrje å konkurrere, enten dei allereie har byrja eller om dei eventuelt skal byrje å konkurrere. Ein konkludere dermed med at ein får mykje ut av ei slik trening.

Eg avslutta samtalen med Nina med korleis samholdet i gruppa var. Ho trur alle kosa seg, både i det sosiale og i spelet. 

Eine kvelden etter trening var utøvarane med foreldre invitert til mat i Leirvika på Kroa. Her var det ikkje slik at kun dei som var på treningssamling kunne komme, her var det open invitasjon. Men forbundet og Vegar spanderte mat på dei utøvarane som var på treningssamling.

Etter ein lang periode med pause grunna Covid-19 var det veldig kjekt at det kunne føregå noko samlingsbasert på biljarden. Vi takkar forbundet og Vegar for uttak av desse flotte ungdommane, som eg trur har kosa seg utruleg mykje. 

Published Aug 9, 2020

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment