Shopping cart

Nordisk Meisterskap 2019 - Nina med sterk 5. plass!

Nina med god start i Nordisk!

Hyllestad hadde med 6 utøvarar på Nordisk som vart arrangert på Oslo Biljardsenter. Dette var 6. gong nordisk vart gjennomført og 92 av dei beste spelarane deltok. Turneringa har høg prestisje, og vi var godt nøgde med at 6 Hyllestadspelarar var tekne ut til å representere Norge: Tommy Wolff, Dag Jøran Aralden, Gard Eiken Flage (Sr.), Nina Torvund, Astrid Eiken Flage (Kv.) og Eirik Tonning Hatløy (U19).

Firda skriv fredag kveld at Tommy kan vinne dersom han har flyten, men at Nina er vårt største medaljehåp. Les artikkelen her.

Det er kanskje litt ambisiøst å sei dette, men kampen mellom Jan Uski (Europameister frå Finland), synte at det er ørsmå marginar som ofte avgjer ein kamp. Tommy spelar svært bra, men har to forløp på brekk + eit uheldig legg då han eigentleg skulle ha reduset til 5-6. Då blei det bom og 7-4 til Uski i staden, og til slutt tap 8-4. Kampen var m.a.o. mykje jamnare enn resultatet tilseier.

Tommy i sin første kamp, der han vinn med 8-3

Gard opna bra med å vinne ein tett kamp mot svensken, Markus Östlund, før det vart tap i andre runde mot ein annan svenske, Thomas Larsson. Eirik spelte svært godt i sin kamp mot Ole Kristian Rudshavn, men tapte dessverre 6-7. Ole Kristian blir til slutt beste norske i U19 med ein 5. plass.

Astrid spelte også godt mot finske Jenna Joikinen i første runde. Dette var ein kamp ho kunne ha vippa i sin favør, men bom på 3 tiarar er for mykje og det enda med tap 4-6. I kampen på taparsida møtte ho ei anna finsk dame, Riikka Väyrynen, her vart det endå tøffare motstand og dermed var Nordisk 2019 over for Astrid.

Det same vart det for Tommy og Eirik etter at dei tapar sine kampar i taparrunde 1. At Tommy tapar er ganske surt, ettersom han leiar med heile 6-2, før ein uheldig bom på 9 gjer til at det blir 6-3. Tommy har også sjansen til å gå opp til 7-3, men kampen snurt totalt og han tapar 8-6 og er ute. Eirik kom aldri inn i sin kamp og tapar 0-7, medan Dag Jøran og Gard gjer jobben i første taparrunde.

I 2. taparrunde er det stopp for begge to, og vi kan rette fokuset 100 % mot Nina. Ho imponerer verkeelg med spelet sitt og vinn 6-1 over Laura Hartikainen. Søndag så håper vi på finale, men Nina tapar ein jamn kvartfinale mot Ine Helvik og det blir 5. plass.

Nina spelte godt men rutinerte Helvik frå Svithun Bk. avgjorde til sin fordel etter fleire tette safeduellar. Ine er svært god i slike situasjonar og dermed blei det litt for tøft for Nina denne gongen. Ho skal uansett vere godt fornøgd etter å ha spelt så godt som ho gjorde.

Så er det berre å gratulere Norge med Matias Sætre, Didrik Vatne og Vegar Kristiansen i semifinalar. Matias må sjå seg slått av Vegar, medan Didrik også held stø kurs til finale med 8-6 over Casper Matikainen. I finalen så er det lite å gjere med Kristiansen. Han slår fast at han ikkje berre er best i Norge, men Norden. Det er berre å ta av seg hatten for "unge lovende" som har vore ung og lovande i ca. 30 år. Kallenamnet fekk han som 16-17 åring og har like godt heldt fast ved det - sjølv om han kan skilte med ca. 50 NM titlar og fleire europameistertitlar som veteran.

I kvinneklassen vart det svensk siger til Monika Margeta over Ine. I U19 klassen vann finske Arseny Sevastyanov.

Resultatlister:

Menn https://cuescore.com/tournament/NORDIC+CHAMPIONSHIP%2C+MEN/3686355

Kvinner https://cuescore.com/tournament/NORDIC+CHAMPIONSHIP%2C+WOMEN/3686357

U19 https://cuescore.com/tournament/NORDIC+CHAMPIONSHIP%2C+U19+BOYS/3686360

 

 

Published Feb 2, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment