Shopping cart

Årsmelding 2019

Nina og Astrid sine prestasjonar under EM for ungdom var eit av fleire høgdepunkt i 2019. Jentene viste at dei har nervar av stål og tok sølv i lagkonkurransen, i tillegg vann Nina sølv i 9 ball i det som vart ein knallsterk avslutning for det norske landslaget. Emil Andre Gangfløt krona dei norske prestasjonane med å bli Europameister i 9 ball, og med Ole Kristian Rudshavn sin bronse i U19, så blei det totalt 4 medaljer for Norge.

EM for Junior i Veldhoven Nederland

vart med desse resultata årets høgdepunkt for Norge og Hyllestad. Nina reiste til EM betre førebudd enn nokon gong, og Astrid var ikkje "berre" ei "lærejente". Men, sjølv om jentene var godt førebudde så er det ikkje berre å reise til EM for å hente heim medaljer. Det merka spesielt Nina godt, som nok kjente meir på forventningspress enn det ho sjølv ga uttrykk for. Det ville seg ikkje heilt for ho verken i 8 ball eller i 10 ball, og sølvet i lagkonkurransen gjorde nok veldig godt. Skuldrane vart senka og ho spelte strålande i den avsluttande 9 ballturneringa, sjølv om svenske My Nguen vart for sterk i finalen. 

Astrid imponerte med gode resultat, til tross for at ho er 3 år yngre enn Nina og framleis er på "læring". I lagkonkurransen slo Norge (Hyllestad) først ut Nord Kypros, før det var Tyskland sin tur og til slutt Austerrike i semifinalen. Alle kampane gjekk til shoot out- og der er jentene våre heilt rå!

Det var også Astrid i semifinalen mot Lena Primus med 6-0 siger. Nina tapte sin kamp mot Anna Riegler 3-5, men som sagt, blir det shoot out så er det nesten ikkje spennande...

Det er spesielt at lille Hyllestad spelar EM finale mot Russland, etter å ha slått ut Austerrike, Tyskland og Nord Kypros! Sportssjef Jostein Jullum var strålande fornøgd med finale- men supportarane frå Hyllestad håpte i det lengste på at David skulle banke Goliat. Men, dei russiske jentene var sterke og begge jentene våre tapte klart. Hadde vi fått ein sjans til med Nina- så trur eg at toppen kunne vore innanfor rekkevidde i 2020. Å finne ein erstattar for Nina blir nok svært vanskeleg.

Stooor applaus til jentene våre og kva dei har fått til!

NM for junior og senior

Endeleg ville det seg for Eirik Tonning Hatløy! Etter 6 tredjeplassar og tre andreplassar lukkast han i å bli Norgesmeister! Eirik vann 10 ball etter ein spennande finale mot Ole Kristian Rudshavn. På hill hill låg det litt i korta at det skulle bli 5-6 tap, men det er få som har fortent det meir enn Eirik, at det endeleg vippa i hans favør! Eirik blei dermed den 13. Noregsmeistaren frå Hyllestad sidan vi fekk vår første i 2000 (Rudi Wolff).

Nina har blitt vår største grossist i NM- titlar. Etter at ho i fleire år har kjempa med Gard (8) og Jardar (7), så har ho no stukke skikkeleg i frå med sine 11 totalt. Av desse er 8 som junior og 3 som senior. Den siste tok ho på imponerande vis då ho snudde 3-5 til 6-3 siger over Ine Helvik i 8 ballfinalen i Oslo siste helga i november. I løpet av 2019 så sikra ho seg 4 nye titlar, 2 i kvinneklassen og 2 i juniorklassen.

Totalt så tok vi 14 medaljer i NM, der 13 av desse vart teke av juniorane våre. Den siste var det Tommy som stod for i 14.1 under NM senior på heimebane og i ny salong!  

14 medaljer i NM er om lag halvparten av det vi har lagt på dei siste 3 åra. Litt av nedgangen skuldast mellomsesongen og nokre færre konkurransar, men det meste skuldast likevel at våre gode ungdommar er i ferd med å bli vaksne. Vi står i ein situasjon der vi har færre gode juniorar enn før, noko som vil gje utslag på medaljesankinga. Derimot så har vi mange som er på gang, og vi har ei strålande rekruttering for tida. Det vil garantert komme fleire opp som vil vere gode nok til å ta NM- medaler i 2020.

Det tek lang tid å bli god, og det er stor forskjell på å vere god i juniorklassane kontra å hevde seg i open klasse som senior. I klubben vår så er det Steffen og Tommy Wolff som har vore og er våre beste utøvarar. Etter der kjem det nokre som er ganske jamngode, med Dag Jøran, Gard og Jardar. Det er alltid skummelt å rangere slik, men Steffen og Tommy har vist gong på gong at dei høyrer heime i norgestoppen.

Under NM i 14.1 her i Hyllestad i september så gjorde begge to ein sterk konkurranse. Tommy fekk ein finfin 3. plass medan Steffen rauk ut for Mads Schetne i kvartfinalen etter ein triller av ein kamp. Vi vil hevde at det må vere ein av dei beste 14.1 kampane som er spelt i Norge og det var berre uflaks som gjorde til at Steffen ikkje vann. Han startar sin siste innings med 38 kuler, og brekker opp siste kaka for å spele seg ut til 125. Dessverre får han ikkje ball og må prøve ein putt langs vant som mislukkast. Mats kjem inn på bordet på stillinga 74-123. Dei fleste rekna med at Steffen skulle få ein sjans til- men mot Mats var det slett ikkje sikkert. Mats "kosa" seg og putta dei 51 kulene han trengde for å vinne.

Sjå og lær ;), streamen startar på stillinga 38-74, og Steffen er så vidt i gang med 85 serien sin:

Organisasjon, økonomi, utvikling og mål for 2020

Gruppestyret:

Gjermund Flage (leiar), Kurt Hatlem (nestleiar), Jan Erik Hatlem (skrivar) og Svein Tore Hatløy. Vi har hatt 4 gruppemøte i løpet av året + ein del saker som har vore diskutert i styregruppe på FB. Dei viktigaste sakene har vore:

  • Ny salong i Hyllestadhallen
  • Innkjøp av biljardbord og snookerbord
  • Arbeid med rekruttering og breidde
  • Elitesatsing 2019/2020
  • Hyllestad Open 2019
  • NM senior 2019 på heimebane
  • Økonomi

Aktiviteten er stor og vi er avhengig av at arbeidsoppgåver vert godt fordelt og at alle i gruppestyret bidreg. Det er nødvendig å auke talet styremedlemer til 6.

Økonomi:

Omsetningen har auka relativt kraftig dei siste åra. Større aktivitet er hovudforklaringa til det. Framfor sesongen 2019 fekk vi på plass sponsoravtalar med så mange som 15 ulike verksemder. Dette gir oss 120 000 kr. i sponsorinntekter i 2019. Totalt så forventar vi ei omsetning på ca. ein halv million i 2019. Det er muleg at vi går mot eit lite underskot, dette først og fremst fordi vi har hatt ein del ekstra kostnader knytt til reklamemateriell og innkjøp av klubbklede. Tala er ikkje klare per i dag.

Utvikling:

2019 vart litt spesielt sidan vi fekk ein mellomsesong som ikkje betydde noko all verden. Seriesystemet blei lagt om til å følgje skuleåret i staden for kalenderåret. Sesongen blir no avslutta i juni og starta i august. Derfor har vi ikkje kåra vinnarar av divisjonar eller eliteserien i 2019.

I løpet av sesongen 2019/2020 så vil NB lansere ein ny nasjonal rating, der resultat frå alle offisielle kampar er teljande. Ratinga vil dermed kunne gi eit betre bilete av kor god kvar enkelt spelar er, enn det systemet vi har i dag med rankinglister for kvar enkelt sesong. Vi trur dette er positivt for utviklinga av biljardsporten. 

For klubben sin del så er det rekruttering og omdøme viktig. Vi vonar fleire får opp interessa for biljardsporten. Fleire aktive og større medieinteresse er noko av det viktigaste vi kan halde på med både lokalt og nasjonalt.

Ny salong og gode fasilitetar gjer til at vi har fleire aktive medlemer enn nokon gong og framtida ser lovande ut for biljarden i Hyllestad.

Mvh

Gjermund Flage

Leiar

 

Published Feb 16, 2020

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment