Shopping cart

Nm Nc1 Elite på Hyllestad over for denne gang

Hyllestad har i helga holdt sitt første opne Nm i 14-1 Starta Lørdag kl 10 og avslutta med finalen 14.30 Ei spennande helg der ein kvartfinale kamp sanynleg vis var den mest spennande. Ein finale som ikkje overraska veldig mangen.

Hyllestad Il Biljard har avslutta si første Nm i 14-1, turneringa har gått over 2 dagar med 26 deltakara frå, Hærøy, Oslo Fredrikstad, Ask, Trondheim og Hyllestad, distansen har gått fra 100 til avsluttningsvis 125.

tette kampar der det bare har vært snakk om få kuler i favør den eine eller den andre, her kunne lett ha vært eit heilt anna utfall men turneringa enda opp med 2 av favorittane i Finalen i Matias frå Hærøy og Mats frå Ask, men veien dit har ikkje bare vært enkel.

Matias Sætre var seeda og starta sin første kamp på vinnerrunde 1 mot Rudi Andre Wolff her vinner Matias greitt 100-53,

I Vinnerkvallik møter Matias Tommy Wolff og vinner solide 125-39.

I kvartfinalen Møter Matias Albert Roman B Stensrød, her må Matias jobbe meir, spelet sitter ikkje like godt og der er kamp heile veien, Matias vinnar allikevell 125-88

Seminfinalen Møter Matias Ole Kristian Rudshavnm har ligger Matias under lenge og får litt "kinven på Strupen" på 98-110 favør Ole snur Matias kampen med ein 27 serie og vinner 125-112

Mats Schjetne er også seeda og starter i Vinnerrunde 1 mot Steffen Wolff her blir det eit knepent tap 

Med dette tapet er det vinn eller forsvinn for Mats i taparrunde 2 møter Mats Espen M. Andresen, her blir det ein komfortabel 100-21 seier

i Taparrunde 3 møter Mats Dag Jøran  her blir det ein tett kamp der Dagen fort kunne ha slått ut Mats men Han vinner 100-86.

I Taperkvallik møter Mats Jonas Kvalsund Hansen, her gjer Mats reint bord vinner 125-36 med høgste serie på 56.

I kvartfinalen er det duka for reprise der Mats blir trekt inn igjen mot Nok ein gang Steffen, her får vi ein triller av ein Match den blir nok ståande igjen som turneringas beste kamp på 8 innings (4 på kvar) putter dei begge 2 småpene 248 kuler!!! 1 innigs blir der ikkje putt 1 kule av noken av dei på innigs nr putter Steffen 27 kuler, Mats svarer med 70!  Innings nr 3 putter steffen 11, heimepublikum litt bekymra for at Mats har fått ei for stor luke, men Mats bommer etter 4 putta baller i Steffen sin siste innings putter han heile 85 kuler (høgste Score for turneringa) og stopper på 123 etter eit brekk der kvita legger seg mørk. Mats veit at her no er vinn eller forsvinn og svarer med å putte 51 kuler og vinne 125-123! For ein Match!!!

i Finalen er det ingen tvil, Mats forsetter i same leia først 40 kuler så 42, Matias henger ikkje med og legger 15 kuler 2 ganger til å begynne med, Mats forsetter med eit par greie serier til og vinner finalen overbevisande 125-37 Grattulerer Mats!

 

Veldig kjekt at Presidenten og Generalsekretæren tok turen for å sjå Nm i vår nye salong. vil også gi ein stor takk Til Ordføraren Morten Askvik som var med på Premiesermonien

Toppranking for Turneringa:

1. Mats Schjetne Ask Bc

2. Matias Sætre Hærøy Bk

3. Tommy Wolff Hyllestad Il. Biljard

3. Ole Kristian Rudshavn Oslo Bk

5. Albert Roman B. Stensrød FBK

5. Emil Andre Gangfløt FBK

5. Ole Tobias Gangfløt FBK

5. Steffen Wolff Hyllestad Il Biljard.

 

Underteikna vil takke for oppmøte, takk til alle som har stilt opp i helga for å arrangere turneringa, maten var god, der har vært ei fin atmosfære og ønsker alle vel heim og velkommen tilbake neste gang! :)

 

 

Published Sep 22, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment