Shopping cart

MultiVolt AS er Hyllestad IL Biljard sin nye hovudsponsor!

Nina Torvund, Astrid Eiken Flage og resten av Hyllestad Biljard er på lag med Tore Bråstad og flinke folk i Multivolt AS!

Dagleg leiar Tore Bråstad seier "at dei er svært tilfreds med å kunne vere hovudsponsor for eit biljardlag i norgestoppen og med medaljar i Europa. Dette passar godt overeins med MultiVolt sine ambisjonar om å oppnå gode resultat i ein sterk nasjonal og internasjonal konkurranse". Her er Bråstad saman med Europameister i 10 ball Nina Torvund (t.v.), som saman med Astrid Eiken Flage, også vann EM- bronse for lag i 2018.

MultiVolt AS har hovudkontor i Leirvik (Hyllestad kommune), samt avdelingar i Dale (Fjaler Kommune) og Sløvåg (Gulen kommune). I tillegg har dei montørbase i Molde. Selskapet utfører elektrisk installasjonsarbeid innan småkraft/fornybar energi, landbasert industri, offentleg/privatmarknad, havbruk, samt marin og maritim industri.

Vi er imponert over den raske veksten selskapet har hatt sidan oppstarten i 2013 og synest det er tøft at dei satsar «world wide» med eigenutvikla produkt! Vi i Biljarden har lenge sagt at "alt er muleg", og slik opplever vi at Multivolt også tenkjer- sjølv om vi kjem frå ein liten kommune i Ytre Sogn.

Vi i "Biljarden" ønskjer også å bli flinkare med "produktutvikling", og vi ser fram til å "sparre" med Bråstad og dei andre tilsette i Multivolt om tiltak som kan vere med å løfte sporten. Vi ønskjer fleire aktive utøvarar og større interesse rundt sporten. For tida blir det arbeidd (nasjonalt) med å heve kvaliteten på "livesendingar" (stream), men målet er at på sikt så kjem vi oss inn på Eurosport og andre TV kanalar.

I Hyllestad så har vi allereie sett i gang eit nytt tiltak med "Multivoltligaen"- den skal gje våre unge håpefulle god kamptrening fram mot NM for juniorar i mars og i mai. Eit anna konsept vi har diskutert litt, er å få igang ein bedriftsliga der bedriftene spelar på lag mot kvarandre. Dette har vi god tru på at vil slå an, og målet er å kome i gang hausten 2019 i ny salong i Hyllestadhallen! 

Alt er muleg - heia Hyllestad!

Published Jan 14, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment