Shopping cart

Junior EM 2019

To av våre flotte ungdommar, Emil Andre Gangfløt og Nina Skresholdt Torvund, fekk æra av å bære flagget under opningsseremonien under jr. EM 2019. Emil kan skilte med to bronsemedaljer frå EM 2018 og ein imponerande 2. plass i VM. Nina var Europameister i 10 ball - og forventningane framfor dette mesterskapet var store- kanskje litt for store...

Etter at tre disiplinar er avslutta, så står Norge med 0 medaljer. Fakta er at her handlar det om ørsmå marginar der alt skal klaffe for å nå til topps. Nokon meiner at nivået er høgare i år enn i fjor- det kan hende, det er i alle høve ikkje rom for å gjere mange feil. Det handlar om å spele seg ut, eller å legge ein gode safe.

Vi er uansett svært stolte over alle ungommane som deltek. Vi veit at dei har eit høgt toppnivå, og vi forstår at det kan vere vanskeleg å få det skikkeleg ut når det gjeld som mest.

I U19 gutar har Eirik opplevd det. Han tapte sine kampar utan å kome skikkeleg i gang. Enkelte parti var bra, men så stokka det seg og snipp snapp snute.. Biljard kan vere ganske brutalt.

Astrid har kjent på det same som Eirik, ho har spelt med "høge skuldrar" og ikkje fått det heilt til. Vi kan faktisk sei det same om Nina også, men ho har likevel greidd å kjempe seg inn i det. I dag var ho god mot My Nguen og fekk revansj etter 0-5 mot same jenta i 8 ball. I 9 ballkampen vart det 6-2 til Nina og ho er klar for sin andre kvartfinale :)

Av dei andre norske, så må vi trekke fram Ole Kristian Rudshavn. Han har spelt godt heile turneringa, og nokre av enkeltkampane har vore heilt fantastiske! M.a. i 8 ball mot Christian Froelich, der han knuste europameisteren med 7-2. Men også for Ole Kristian så har det stokka seg litt på slutten og han har "berre" ein 5. plass før 9 ball skal avsluttast.

Emil Andre Gangfløt har også spelt jamnt over bra, men det er ikke lett å leve opp til forventningane. Han står med 5. plass i 8 ball som beste resultat før 9 ball og lag skal avsluttast.

I tillegg til desse så har vi Albert Roman Stensrød og Jonas Kvalsund Hansen. Begge har levert mange gode kampar, og Albert greidde ein fin 5. plass i 10 ball. Det vil seg likevel ikkje heilt. Begge er kapable til å ta medalje på ein god dag.

No ser vi med spenning fram mot avslutninga. Vi kryssar fingrane for både jentene og gutane i lagkampane, og så håpar vi at vi har med både Emil, Albert, Jonas, Ole Kristian saman med Nina i kvartfinalar i 9 ball. Dei startar måndag kl. 09.00

Heia Norge!

Published Jul 28, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment