Shopping cart

Jarle Tonning Hatløy til topps under 2. runde av Multivoltligaen!

F.v. Lars Emil Siljander, Jarle Tonning Hatløy, Oliver Wolff og Sivert Offerdal Lien

Jarle tok ein overbevisande siger i turneringa etter 4-1 over Oliver Wolff i semifinalen, og så 4-1 over Lars Emil Siljander i finalen. Ein annan som har god grunn til å vere fornøgd er Sivert Offerdal Lien som også fekk 3. plass.

Turneringsleiar Kurt Hatlem seier at han er imponert over spelet til fleire, men i dag så utmerka Jarle seg spesielt. Han kan slå både meg og deg når han spelar på det nivået seier Kurt. Etter å ha sett finalen mot Lars Emil Siljander, så er det ikkje vanskeleg å sei seg einig. Jarle har fin ståstilling, god køføring og ikkje minst ei god evne til å plassere køballen på rett stad.

Vi vil også skryte over dei andre på pallen. Alle gjorde ei god turnering i dag. Lars Emil har blitt meir stabil enn før, og vi ser han ofte blant topp tre. Oliver har eit høgt toppnivå og vi ser at han er ein "lur" spelar som ofte legg gode safear Så er det hyggeleg at Sivert kom topp tre i dag. Sivert la inn nokre ekstra treningstimar i forkant av turneringa og det betalte seg i dag! Trening er det som skal til ;-)

Stream frå heile turneringa finn de på Hyllestad IL Biljard sin YouTubekanal, gå gjerne inn og abboner slik at de får varsel når vi er på lufta. Her kan de kose dykk med finalen (feil tittel):

Totalt var det 13 til start, og etter to rundar av MVL våren 2019, så leiar Oliver med 174 poeng, Jarle har 161 og Lars Emil har 148. Komplett ranking finn de her og resultatliste etter 10 ballturneringa i dag ligg her.

Neste runde av ligaen blir gjennomført første helga i mars, i den tøffaste disiplinen av dei alle - 14.1. Helga etter blir det stø kurs til Oslo og trippel NM- der juniorane skal konkurrere i 9 ball, 10 ball og nettopp 14.1.

Nivået i U17 klassen i Norge er skyhøgt, med m.a. Emil Andre Gangfløt som vart nr. 2 i VM i 2018. Men med den utviklinga som vi ser blant våre ungdommar så kan det fort bli spennande, og mulege pallplassar kan vere innanfor rekkevidde.

Published Feb 10, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment