Shopping cart

Herøy BK med siger både i 1. og 2. divisjon under RT8

Laurdag kunne 15 år gamle Jonas Kvalsund Hansen juble for siger i 1. divisjon vest og søndag var det Ali Mirzaie sin tur til å gjere det same i 2. divisjon.

Jonas er berre 15 år men likevel ein svært habil biljardspelar. Han har vore ein del av Team Norwaysatsinga og med hans 2. siger i den regionale serien (RT) er han klar for kvalifiseringsspel til eliten om 14 dagar.  Med 1. plassen i RT8 no i helga, så sikra Jonas også seg 3. plass samanlagt i 1. divisjon vest 2018.

Vår eigen Tommy Wolff har for lengst avgjort kven som vinn divisjonen i år. Tommy høyrer eigentleg til blant eliten, men på grunn av få konkurransar og ein kvalikk som Tommy stod over, så rykka han ned i 1. divisjon framfor 2018 sesongen. Mange meinte at det vart feil, og at Tommy eigentleg er for god for 1. divisjon. Det kan ein lett sei seg einig i etter Tommy sine resultat i 2018! Han har to 3. plassar frå NM og så vann han elitestemne i Hyllestad, dermed er 2018 ein av Tommy sine beste sesongar på fleire år.

Her kan du sjå frå 1. div. turneringa, finalekampen startar på 8 t. 15 min.

I dagens 2. divisjonsturnering så vann Ali Mirzaie etter først ein spennande semifinale mot Astrid Eiken Flage og så finale mot Jarle Tonning Hatløy. Begge kampane gjekk til hill hill (4-4) og Ali var både dyktig og litt heldig som vippa begge kampane i sin favør. Sist Ali var i Hyllestad så vart han nr. 2 og i dag kunne han juble for sin første siger i 2. divisjon og ein 3. plass samanlagt i serien.

Runner up er utan tvil Jarle Tonning Hatløy! Jarle imponerer med å vere svært treffsikker i tillegg til at han spelar klokt- og guten er berre 13 år! Han kjem vi til å høyre mykje om i åra som kjem dersom han held fram på denne måten.

Når vi først snakkar om ungdommane så må Astrid også nemnast. Ho fekk 3. plass i dag, men er nok mest fornøgd med prestasjonane i går. Der imponerte ho stort, m.a. ved å halde følgje med Nina Torvund like til 6-6. Nina vann kampen 7-6 og vart nr. 5, men Astrid fekk ein sterk 9. plass.

Gratulerer til alle medaljevinnarar og takk for ei kjekk helg her i Hyllestad.

Gjermund Flage TL.

Her kan du sjå frå 2. div. turneringa- finalen startar på 5 t. 34 min.

 

Published Nov 25, 2018

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment