Shopping cart

Grand Prix 10-ball Sluttspel

Siste dag er over.

Vi starta kvartfinalen 10.00 søndag og hadde forsatt med 4 stk frå Hyllestad

Jardar Eiken Flage og Dag-Jøran Aralden i kamp på bord 2, her sleit Aralend meg å komme i gong so Jardar tar ein solid 7-2 siger i ein kamp der ingen av dei hadde "toppformen" inne

Gard Eiken Flage møtte Robin Huge Pettersen frå Herøy, dette vart ein posisjonsmatch, mykje safe, og ingen som heilt var villig til å ta "sjansen" kampen drog noke ut Gard leda 6-5, men Robin Snudde og tok til slutt sigeren 7-6

Eirik Tonning Hatløy Møtte Matias Sætre frå Herøy, Matias har spelt bra gjennom turneringa, sjølv om Matias ikkje deltar på så mykje som han gjorde før viser han at han ikkje har gløymt noke, kampen starter ganske så tett, dei følger kvarandre ein stund, Eirik har ikkje heilt hatt formen i det siste og sliter litt med å få rette flyten på spelet. Matias tar seg til slutt greitt vidare til semien me 7-4 over Eirik

Mats Schjetne Møter Sveinung Østgård, Sveinung spelar bra i starten og ledar 2-0 over Mats før ting begynner å skje, Mats gjer vell jobben greitt og slår Sveinung 7-3

I semifinalen har 4 frå Hyllestad blitt til 1

Jardar Møter Mats, Mats viser igjen kvifor han er Norges beste biljardspelar og slår Jardar 7-2

Robin møtte Matias i "lokal" oppgjør, kampen ser litt ut som Jardar-Robin, ligger ann til å bli ein drakamp, men halvegs ut i kampen virker det som lufta har gått ut av Matias og Robin slår han 7-2

Finalen går då Mellom Mats Brujordet Schjetne Frå Ask Bc og Robin Hauge Pettersen frå Herøy Bk

Robin fører ann og ledar på eit tidspunkt 3-1, etter dette blir det mykje possisjonspel, Mats snur og ledar på eit tidspunkt 6-5, slamrer 9 ern, den går i feil hol og det er bare for Robin å putte 10 en 6-6, no er det vinn eller forsvinn... Robin bommer på 7en, er litt "heldig" legger seg slik at Mats ikkje har noke anna valg enn å safe, Mats safer, er heilt ok den der, ikkje enkel, Robin putter 7 en men får ikkje legg på 8en, Mats på bordet igjen, putter 8 greitt, 9 en går og... greitt legg på 10 en, og Mats Vinner Grand Prix i Hyllestad! Gratulerer Mats!

Topp 3 ser dermed slik ut

1. Mats Brujordet Schjetne Ask BC

2. Robin Hauge Pettersen Herøy BK

3. Jardar Eiken Flage Hyllestad IL, BG

3. Matias Sætre Herøy BK

Published May 14, 2023

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment