Shopping cart

Eirik Riisnæs med siger i NC1 Elite 2019

Eirik Risnes (Horten BK) vann NC 1 for elite, etter å ha slått Vegar Kristiansen (Stoppball Nidaros BK) med 9-8 i ein jamn og spennande finale. 24 av Norges beste biljardspelarar har i helga spelt Norgescup her i Hyllestad. Dette var det siste elitestemne som vart arrangert på Sørbøvåg, og sjølv om turneringa vart avvikla knirkefritt, så blir det godt å kome inn i ein større salong til hausten.

Turneringa vart spelt i disiplinen 9 ball og arrangørklubben hadde med alle sine 7 elitespelarar, utan at det villle seg heilt denne gongen. Nærast kom Steffen Wolff med 5. plass etter at han leverte svært solid spel, men tapte knepent 9-7 for Roger Rasmussen (Oslo BK) i kvartfinalen.

Eirik Risnes sleit skikkeleg mot vår eigen Dag Jøran Aralden i første kamp på laurdag. DJ hadde føringa i den kampen, men dessverre så stoppa det litt opp på slutten og Eirik "seig" forbi til 9-7 siger. I vinnarkvalifiseringa var Eirik svært skarp og kunne notere seg for heile 9-2 over sølvmedaljevinnar frå VM U17, Emil Andre Gangfløt. I kvartfinalen var det eliteseriedebutant Jonas Kvalsund Hanssen (Herøy BK) som måtte gi tapt 9-6. Men, 16 åringen Jonas imponerte stort med å spele seg heilt fram til kvartfinale og han skal vere svært fornøgd med ein knallsterk debut blant dei aller beste! 

I semifinalen venta Mats Brujordet Schjetne for Eirik. Dei fleste av oss heldt nok Mats for å vere favoritt, men 25 åringen frå Horten ville det annleis. På stillinga 7-5 til Mats, så snur Eirik kampen med å ta 4 strake parti.

At finalen mot Vegar Kristiansen går til hill hill er nesten som venta, sjølv om Eirik er oppe i 7-2 leiing. Vegar er den i Norge med flest NM- titlar og det er få som greier å slå han. I dag ville det seg slik at Vegar tok att leiinga til Eirik og kom opp til 8-8, men så avgjorde Eirik til sin fordel og alt i alt så er det vel fortent at sigeren hamna i Horten til slutt!

Vi i Hyllestad takkar ei kjekk helg med mykje godt spel og for dei som vil sjå nokre av spelarane i action, så finn de ein del bilete i fotoalbument NC1 ELITE - 19.-20.01.19 

Fullstendig resultatliste NC1 Elite

Published Jan 20, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment