Shopping cart

Dag Arve Gjerde (Herøy) til topps i første runde av 1. divisjon Vest!

Hyllestad hadde gleda av å arrangere 1. runde både for 1. og 2. divisjon her i vest sist helg. Dag Arve Gjerde fekk ein knallstart på sesongen og vann finalen over vår eigen "runner up" Eirik Tonning Hatløy. 3. plass vart delt mellom Jan Helge Kords (Os Snooker og Biljardklubb) og Gjermund Flage.

Første runde av dei regionale seriane vart trilla i gang sist helg. Norges Biljardforbund har sett opp totalt 12 teljande turneringar for 1. og 2. divisjon. 7 er reine regionale turneringar (RT), det er ein nasjonal divisjonsmeisterskap i kvar divisjon, og det er ope NM i 4 disiplinar over 4 enkeltståande turneringar.

Dag Arve var særs fornøgd etter at han vann finalen 7-5 over Eirik. Etter mange år som aktiv biljardspelar, så var dette første gong han kunne juble over siger i 1. divisjon. Han har mange finalar bak seg, men dei har til no enda med tap.

Eirik har også all grunn til å sjå tilbake på helga med eit smil. Tapet i finalen var knepent og det faktum at kampen først var ferdig seint laurdagskvelden, etter over 12 timar med biljard- kan ha vore medverkande til at meir rutinterte Gjerde vippa marginane i sin favør. Begge spelarane gjorde ein del feil i finalen, medan dei begge varta opp med svært bra spel tidlegare på dagen.

Søndag vart det arrangert RT for 2. divisjon. Også her vart det jubel for Herøy og dei kunne reise heim att med dobbeltsiger etter at Sindre Eide vann søndag! Ei sterk helg for Herøy- men Hyllestad kjem sterkare att!

Resultat RT 1 2. divisjon Vest:

1. Sindre Eide (Herøy), 2. Britt Sølvi Pettersen (Herøy), 3 Sivert Offerdal Lien (Hyllestad) og Tanja Kvellestad Akse (Hyllestad).

Neste runde blir arrangert i Bergen den 13. - 15. september.

 

 

Published Aug 28, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment