Shopping cart

Astrid Eiken Flage til topps under RT1 i 2. divisjon!

Flotte medaljevinnarar etter RT1 i 2. divisjon, Oliver Wolff med 2. pl. Astrid Eiken Flage med 1. pl. og Lars Emil Siljander med 3. pl.

Astrid gjorde ei av sine beste turneringar og vann til slutt 4-1 over Oliver Wolff i finalen. Lars Emil Siljander fekk ein flott 3. plass.

Hyllestad tok godt for seg av medaljefatet under den regionale turneringa på Herøy. Ungdommane frå Hyllestad, med ein snittalder på 14 år, beit skikkeleg godt i frå seg og klubben hadde 3 av 4 i semifinalane.

Astrid slo beste Herøyspelar, Preben Vike, med 4-1 i sin semifinale og det var aldri tvil om kvar sigeren ville hamne. I den andre semifinalen vart det eit internt oppgjer mellom Oliver og Lars Emil. Begge spelte svært bra, men Oliver var både dyktig og litt heldig, då han drog det jamne oppgjeret i sin favør med 4-3.

I finalen spelte Astrid veldig godt og vann fortent 4-1. 

Fleire av tilskodarane gav uttrykk for at dei var imponert over nivået til ungdomane våre, og det er sannsynleg at dei hadde hevda seg godt også i 1. divisjon med slikt spel.

RT 1 i 1. divisjon vart gjennomført laurdag, der våre to utøvarar Nina Torvund og Gjermund Flage fekk kvar sin 3. plass. Vinnar vart Bjarne Pettersen og på 2. plass kom Dag Arve Gjerde, begge frå Herøy.

I tillegg til dei som allereie er nemnt, så stilte Hyllestad med Jardar Kjos og Hedda Mirzaie.

Resultatliste 1. divisjon

Resultatliste 2. divisjon

Published Jan 15, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment