Shopping cart

4 deler 1. plassen samanlagt etter at Astrid vann 3. runde av Multivoltligaen no helga!

3. runde av Multivoltligaen, f.v. Vilar Glavær Akse, Astrid Eiken Flage, Lars Emil Siljander og Jarle Tonning Hatløy

Det var 12 stk med i den tredje runda av ligaen, og Astrid Eiken Flage går ut som vinnaren. «Eg spelte ikkje mitt beste, men er veldig fornøgd med seieren», seier ho. Viljar Glavær Akse fekk 2.plass, sin andre i ligaen, medan Lars Emil Hovland Siljander og Jarle Tonning Hatløy fekk kvar sin fine 3. plass.

Alle viser stor framgang, og turneringa gjekk knirkefritt. Høgste serie stod Astrid for med 11 kuler, Jarle hadde 9 og Oliver 7. Før siste og avgjerande runde, ligg Jarle, Astrid, Oliver og Viljar på delt førsteplass, og resten ligg tett bak.

Multivoltligaen vert avslutta med 8 ball måndag 22. april (2. påskedag).

Her kan de sjå finalen mellom Viljar og Astrid:

Published Mar 3, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment