Shopping cart

Terminliste 2019 og målsetjingar for året

Oliver Wolff er ein av våre unge lovande som vi håpar skal markere seg både regionalt og nasjonalt (U17) i 2019. (Foto: Frode Holst)

Norges Biljardforbund har vedteke at biljardsesongen skal gå frå haust til vår. Våren 2019 blir dermed ein mellomsesong, før sesongen 2019/2020 startar i slutten av august. Terminlista for våren 2019 er likevel innhaldsrik og byr m.a. på elitestemne i Hyllestad 18. - 20. januar.

13 år gamle Oliver Wolff er ein av fleire ungdommar som har hatt fin framgang i 2018 og som vi håpar skal få god utteljing både regionalt og nasjonalt (U17) i 2019. Det gror godt i klubben og med eit snitt på ca. 20 deltakarar i rekruttserien, så syner det også behovet for ein større salong. Vi gler oss veldig til Hyllestadhallen står klar til sesongstart 2019/2020! Det er viktig for å ha god nok kapasitet, men ikkje minst er det viktig for å ha best mogeleg treningsforhold for dei beste utøvarane i klubben.

Vi må greie å ha fokus på både breidde og topp for å kunne halde fram med å vere ein av Norges beste biljardklubbar. Det blir lettare å rekruttere når vi har førebilete i klubben som presterer, og det blir lettare å få fram nye toppspelarar når vi har god breidde. Samstundes skal vi vere ein klubb der det er rom for alle, og der ein gler seg over lagkameratar sine prestasjonar.

Vi har bak oss eit fantastisk biljardår i 2018, der heile 6 av 15 EM- utøvarar representerte Norge og Hyllestad. Jørgen Sandman i Forbundet gratulerte oss med uttaket, og kommenterte at dette måtte vere verdensrekord i antal spelarar frå ein enkelt klubb! 

EM i Italia (senior/kvinner/rullestol) og EM i Portugal (junior/veteran) er målet for fleire av våre beste utøvarar i 2019. Vi håpar at flest mogeleg skal nå sine mål, og vi skal gjere det vi kan for at grunnlaget for topprestasjonar kjem på plass. Det betyr m.a. at alle turneringar som ligg til grunn for uttak vert prioritert (NM/elite). Men, skal vi hevde oss i Europa, så må vi også konkurrere med dei aller beste. Det betyr at vi må delta på internasjonale turneringar (EuroTourar) i større grad, og vi må få til treningssamlingar med høg kvalitet hjå oss i Hyllestad.

Her finn de terminlista for 2019, der eg har sortert vekk alt som ikkje høyrer til pool, og der våre turneringar er markert med farge. 

Med det så takkar eg for eit fantastisk biljardår i 2018, og ønskjer alle lykke til i 2019!

Gjermund Flage,

leiar Hyllestad IL Biljard

 

Published Dec 27, 2018

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment