Shopping cart

Sterk dobbelsiger til Hyllestad i RT2 i 1. divisjon Vest, og søndag vann Astrid Eiken Flage sin 2. strake siger i 2. divisjon!

F.V. Bernt Olav Lundetræ (Os), Rudi Andre Wolff, Eirik Tonning Hatløy (begge Hyllestad) og Dag Arve Gjerde (Herøy).

Rudi Andre Wolff kunne endeleg juble over siger i 1. divisjon Vest etter å ha slått lagkamerat Eirik Tonning Hatløy med knappast muleg margin 7-6 i ein rein Hyllestadfinale laurdag kveld. På 3 plassane kom Bernt Olav Lundetræ (Os Snooker & BK) og Dag Arve Gjerde (Herøy BK).

Rudi var førstemann frå Hyllestad som vann NM-tittel (JR. NM 2000), men han var også førstemann som vann ei regional turnering her i vest (2001) og det passar såleis godt at det var han som vann siste RT i lokala våre på Sørbøvåg.

Rudi er ein av dei som har helde på lengst og var ein av dei som heva biljardnivået mykje i klubben tidleg på 2000 talet. Etter at han flytta heim att til Hyllestad i 2018 så har han fått trent litt meir og det betalte seg på laurdag. I relativt jamne kampar så vippa Rudi marginane i sin favør, og til slutt var det han som kunne juble for siger i turneringa.

Finalekampen kan de sjå her:

 

På biletet ser vi Dag Arve Gjerde i aksjon.

Totalt var det med 16 deltakarar, fordelt på Herøy i nord, via Feios i Sogn til Os i sør. Dei øvrige plasseringane finn her:

Resultatliste RT2 - 1. divisjon Vest 2019

 

Astrid Eiken Flage vinn si 2. strake turnering under RT2 - 2. divisjon Vest 2019.

Astrid Eiken Flage

Astrid deltok også på 1. divisjonsturneringa laurdag for å få god "trening" fram mot jr. NM om tre veker. Ho synte liten respekt for dei "eldre" og slo først Mona Bergstø (Os) med 6-3 før ho imponerte alle på salongen, ved å slå Jan Helge Kords (også frå Os) med 6-5. Astrid var dermed klar for kvartfinale som ho seinare tapte mot Eirik med 7-4.

I dag gjekk ho gjennom 2. divisjonsturneringa utan tap, men fekk svært tøff motstand frå yngsteblad Tonning Hatløy- 13 år gamle Jarle. Dei møttest i finalen og han heldt Astrid til 4-4 før ho avgjorde kampen i siste parti.

Totalt var det 10 med under 2. divisjonsturneringa og på pallen i tillegg til Astrid og Jarle, så delte Oliver Wolff og Viljar Glavær Akse 3. plassen.

Resultatliste RT2 - 2. divisjon Vest 2019.

 

Published Feb 17, 2019

Comments

Chat ()
Last message from:
    Please log in to comment